Toppleiar
Invitasjon til nytt utviklingsprogram for toppleiarar - LIFF 3
PS! Oppstartsdato er satt til 26. november, og planlegt med lenger tid mellom samlingane etter deltagarane sitt ønskje.
Vi har nokre plassar ledig.
LIFF er eit leiarutviklingsprogram spesialtilpassa for næringslivet i Sogn og Fjordane. Målsettinga er gjennom dette programmet å tilby leiarutvikling av god kvalitet, tilpassa våre eigne behov og våre eigne bedrifter. Val av tema, fagområde og arbeidmetode er gjort utifrå det. Arbeidsmetodikken i programmet , gjennom erfaringsutveksling, gruppejobbing og diskusjon, er viktig for å få utviklingsprogrammet så praktisk som mogeleg.
LIFF legg stor vekt på å bygge gode nettverk bedriftene i mellom, til nytte både undervegs i programmet og i ettertid. Det faglege ansvar for programmet ligg til Handelshøgskulen BI, og det blir mogeleg å ta eksamen for dei som ønskjer det.
LiFF sitt opplegg bygger på i alt 6 tidlegare gjennomførte opplegg, 3 av desse tilpassa toppleigarar frå bedriftene i eige fylke.
Til no har over 100 leiarar i fylket delteke på LiFF. Dei kjem frå store og små verksemder. Tilbakemeldingane frå deltakarane er svært gode. Lærdomen dei får er praktisk nyttig og godt tilpassa deira behov.
LIFF 3 blir igangsett i november 2009, med første samling 26. - 28. november. Påmelding fortløpande.
Sjå invitasjonsskriv med påmeldingsinformasjon (pdf) og utdjupande informasjon om LIFF3 toppleiar (pdf).
Informasjon om tidlegare LIFF Toppleiarprogram 1 og 2 (pdf)