Nettverk

Utvikling og nettverk mellom leiarar i Sogn og Fjordane
Gjennom leiarutviklingsprogrammet LiFF (Leiarutvikling i Fjord Fylket) får næringslivet i Sogn og Fjordane eit lokalt forankra tilbod om oppdatert og matnyttig kunnskap viktig for leiarrolla i eiga verksemd.
Det er Stryn Næringshage som står bak initiativet. Saman med Innovasjon Norge har ein invitert næringslivet med på denne satsinga. Ei styringsgruppe breitt samansett av næringslivsfolk i heile fylket, har stilt seg bak og medverkar både til rekruttering av deltakarar og til rett fagleg fokus.

Sidan juni 2004 har LIFF hatt samlingar rundt om i fylket
Fokus har vore på dei utfordringar som ligg i å vere leiar i bedriftene våre. Undervegs har det utvikla seg nettverk leiarane imellom, noko som for fleire verksemder allereie har gjeve synlege resultat.
Nettopp slik nettverksbygging var ein av grunntankane bak satsinga. I eit fylke med små næringsmiljø, store geografiske avstandar og historiske tradisjonar for å tenke fogderi, viser næringslivet no vegen for å endre på dette.

Handelshøgskulen BI har stått for det faglege innhaldet i LiFF, og tilbakemeldingane frå deltakarane er svært gode. Dette tyder på at målsettinga både om å tilby fagleg nyttig kunnskap og å byggje nettverk langt på veg er oppnådd.

Ein av dei som har delteke er Tove Rygg, tidlegare fabrikksjef på Paxar NTP i Gaupne
Paxar hadde tre personar med på LiFF Toppleiar 1 og tre til LiFF Mellomleiar 1. Tove Rygg, fabrikksjef på Paxar NTP i Gaupne deltok på LiFF Toppleiar 1 og har seinare vore brukt som gjesteforelesar på LiFF Mellomleiar. Ho synes at initiativet er svært positivt. "Vår bedrift er lokalisert i Sogn og kontakten næringslivet i mellom er for dårlig. Nordfjordingane har kome eit steg lenger på dette området og dette initiativet med utspring i strynemiljøet er svært bra. Paxar NTP er ei verksemd der det blir stilt store krav til endringar, tilpassingar og nytenking. Gode leiarar på alle nivå er såleis viktig for å kunne lukkast i ein tøff marknad framover."

Dørprodusenten Dooria As har hatt 4 personar frå leiarteamet sitt med i programmet
Knut Løvdal Stauri, leiar for Dooria-konsernet meinar at både den faglige delen og nettverksbygginga så langt har svart til forventningane. Ein av dei tinga som har vore viktig for Dooria, er at ein gjennom LiFF får tilrettelagt eit utviklingsprogram som strekkjer seg over tid og ikkje kun er einskildkurs. Etter å ha gjennomført LiFF Toppleiar 1 utpå våren 2005 hadde Knut Løvdal Stauri følgjande kommentar: "Vi er opptekne av å skape felles forståing og felles kultur i verksemdene våre. Opplegget LiFF gjennomfører høver godt for oss i så måte, så vi vil nok delta vidare både med mellomleiarar og andre leiarar frå verksemdene åre." Dette har Dooria så absolutt gjort: Til no har fire toppleiarar og fire mellomleiarar delteke.

Også Innovasjon Norge er svært positive til LiFF
Rune Henjesand frå Innovasjon Norge meiner at erfaringane er gode. "Signala vi har tilbake er at den faglege vinklinga har vore rett, at nettverket som blir skapt er viktig for alle leiarane i fylket og vi vonar fleire etterkvart vil delta og knytte seg til dette."

Hausten 2009 startar LIFF opp med leiarutviklingsprogram nummer tre for toppleiar. Også her legg vi stor vekt på å finne faglege tema som opptek leiarane rundt om i Fjord Fylket. Vi har gjort oss mange erfaringar frå programma vi til no har gjennomført, og meinar difor at vi skal treffe bra med opplegget som no står for tur. Praktiske case frå lokalmiljøet vil inngå som del av programmet.Prosjektleiar er Bjørn Kåre Moen, NDU Fagleg koordinering har Terje Bjerkan frå PricewaterhouseCoopers ansvar for. I arbeidsgruppa sit elles Helge Gjørven, dagleg leiar for Stryn Næringshage.